Trinn 1 – 6. – 8. mai 2022

5 april, 2022 av Sindre Hammerø Kroknes

Me måtte dessverre avlyse Trinn 1-kurset i Rauma i mars på grunn av sjukdom. No har me funne ei ny helg for kurset: 6. – 8. mai. Alle som var påmeldte til dette kurset står framleis på lista og treng ikkje å melde seg på. Me har plass til fleire! Frist for påmelding er 27. april, men meld deg gjerne på så snart som råd!

Kurset er viktig for å lage gode møte og er ein god start for dykk som er ferske i leiarvervet. Samtidig legg me opp til at kurset er nyttig for alle som ikkje har dette frå før. På kurset jobbar me mest i patruljer. Tema for kurset er:

  • speiding og leiing
  • speidarprogram og speidarfriluftsliv
  • planlegging av speidaraktivitetar
  • trygge speidaraktivitar

Påmeldinga ligg her: https://min.speiding.no/activities/view/2969

I påmeldingsmodulen finn du praktiske opplysningar, pris osv. Spørsmål? Ta kontakt på e-post eller på tlf. 91 18 38 66

Helsing
Synnøve Valle
Leiartrenar, Romsdal og Nordmøre krets av Norges speiderforbund